Teamleiar i Sparebanken Møre, Thomas Håbet, smilte nesten like breidt som representantane for handball og fotball i Midsund Idrettslag. For aktiviteten i idrettslaget treff midt i blinken for den lokale banken, nemleg fokus på fritidsaktivitetar for barn og unge. Dermed vart det signatur for ny treårsavtale.