– Tradisjon tru har vi hatt Gåvedryss i Gjerdet barnehage. Personal, barn og foreldre har gitt ein gåve til nokon som treng det meir enn oss sjølv. I år valde vi å glede barna som bur på Krisesenteret, eller har kontakt med Krisesenteret, seier Birgitta Hole, einingsleiar i Gjerdet barnehage.