Styret i GassROR IKS har innvilga tilsagn på nye 5,2 millionar kroner til regional utvikling. Hittil i år har det interkommunale selskapet gitt heile 21,9 millionar kroner i utviklingsmidlar. Denne gongen vart det også 50.000 kroner til Knerten ungdomsklubb i Midsund.