Endeleg, etter 2 år med pause, var 230 deltakarar frå heile Møre og Romsdal samla i Straumsnes. Forrige helg, 24.-26. juni, var det fylkesleir for 4H-medlemar i Møre og Romsdal. Den vart arrangert av Grimstadhøgda 4H saman med 4H Møre og Romsdal i Straumsnes i Tingvoll kommune.