Fredag 9. september, frå om lag klokka 10.30 til sola går ned, vil eit filmteam gjere opptak i Midsundtrappene. Digergubben Hengekøyepark vil også bli filma. Dei som filmar vil gjerne at mange tek turen i trappene i løpet av dagen, slik at det blir aktivitet å filme.