Laurdag klokka 15.00 spelar Midsund sitt A-lag sin viktigaste kamp for sesongen. Laget kan sikre seg ny kontrakt i 4. divisjon, men for å vere heilt sikre på det må kampen mot Vestnes Varfjell vinnast. Oppmodinga er klar: No må midsundingane møte opp for å støtte laget.