Midsund vann den viktige seriekampen på bortebane mot Dahle laurdag ettermiddag. Resultatet vart 1-3, etter at blåtrøyene leia 0-2 ved pause. No kan laget avgjere ny kontrakt i 4. divisjon sjølve når dei møter Vestnes Varfjell på heimebane i siste serierunde neste helg.