Midsund G16 vann 32-delsfinalen mot Godøy/Giske IL frå Sunnmøre etter straffesparkkonkurranse onsdag ettermiddag. Etter 3-3 ved ordinær tid, ingen skåringar i 2×5 minutt ekstratid, vart det heile avgjort på straffesparkkonkurranse. Der var Midsund best, og gjekk dermed vidare til 16-delsfinale seinare på dag onsdag.