Elias Rakvåg Vangen er ute resten av sesongen med skade. Det melder Midsund IL, fotball, på sosiale medier. Klubben skriv at det viste seg at skaden til Vangen var meir alvorleg enn klubben håpa på, og at kneskaden betyr at heile sesongen mest truleg ryk.