Midsund sitt A-lag var svært nær å gå til 1. runde i NM-cupen, men måtte gi tapt for Tomrefjord etter straffesparkkonkurranse torsdag kveld. Bana var innkorta på begge langsider, flomlyset slo seg av tre gonger og Tomrefjord skulle hatt raudt kort etter 20 minutt. Tre stikkord på ein kamp vi vil hugse lenge.