Jonny Magerøy Godø får fornya tillit frå fotballstyret i Midsund IL og blir hovudtrenar for A-laget i sesongen 2023. Med seg får han Rune Solenes Opstad, som vil kombinere rolla som sportleg leiar i Træff med å vere assistenttrenar i Midsund. Arild Sjøvik held fram som lagleiar.