Midsund G16 gjekk på eit nytt tap i sluttminutta i sin andre kamp i innleiande gruppespel i Norway Cup måndag ettermiddag. To minutt før slutt skåra Eidsvåg IL frå Hordaland vinnarmålet i kampen som enda 2-1. No er det siste sjanse i innleiande gruppespel mot Store Bergan IL frå Sandefjord. Kampen blir spelt på Ekebergsletta klokka 14.30.