Det vart tap også i den siste innleiande puljekampen for Midsund G16 i Norway Cup. Tysdag ettermiddag spelte laget sin første kamp på Ekebergsletta i årets turnering, men Store Bergan frå Sandefjord vart for sterke. Tap 5-0 gjer at Midsund skal spele B-sluttspel og møter Ål IL på Rustad klokka 08.00 onsdag morgon i 64-delsfinale.