Midsund sitt A-lag tapte 5-2 mot Træff 2 i generalprøva før seriestart søndag ettermiddag. Midsund stilte utan fleire skadde spelarar og vart utspelt av 5. divisjonslaget utover i kampen. No håper trenar Arnt Erik Brakstad å ha fleire skadde spelarar klar til seriestart på heimebane fredag.