Emma Stølen Godø og det norske A-landslaget møter Frankrike til privatlandskamp i Angers i kveld klokka 21.00. 22-åringen frå Otrøya spelte 1. omgang mot Danmark laurdag, då det vart tap 2-0. I den første av tre privatkampar den siste veka, vart det siger 1-0 mot Uruguay. Då kom Stølen Godø innpå som innbyttar etter 66 spelte minutt.