Spelande trenar Arnt Erik Brakstad fekk raudt kort før halvtimen var spelt på Øran stadion laurdag. Med ti mot elleve spelarar vart det for tøft, og blåtrøyene tapte 6-0 i siste seriekamp for året. Trøysta er at Midsund får ny kontrakt i 4. divisjon, der maksimalt eitt lag no kan rykke ned.