Etter å ha ligge under 0-2 for Sunndal til pause, kom heimelaget sterkt tilbake i 2. omgang. To skåringar, signert Erlend Blø, gav 2-2 og poengdeling i seriestarten på heimebane. Trenar Jonny Magerøy Godø synest blåtrøyene styrte spelet gjennom heile kampen, og er fornøgd med kampen totalt sett, etter å ha kome tilbake frå 0-2.