Midsund låg under 0-3 på heimebane etter 1. omgang. Etter å ha redusert og utlikna på overtid, vart det likevel tap, då gjestane fekk 3-4 langt på overtid. Dermed har det berre blitt eitt poeng på blåtrøyene etter tre serierunder i 4. divisjon denne sesongen.