Dei tre siste heimekampane har enda uavgjort for Midsund. Laurdag ettermiddag burde dei punktert kampen etter fleire store målsjanser, men blåtrøyene klarte berre å få ballen i nettmaskene ein gong. Det gjorde også Smøla, så dermed 1-1 og poengdeling.