Midsund sitt A-lag møter Vestnes Varfjell på bortebane i kveld. Blåtrøyene har fått ein tøff start på sesongen med berre eitt poeng på dei tre første seriekampane. No skal dei møte laget som dei slo ut i 1. kvalifiserande runde i NM. Den kampen vart spelt på sjølvaste Aker stadion, og Midsund vann 3-1.