Det skjer på Tomrefjord stadion i kveld klokka 19.30. Midsund sine spelarar snører på seg fotballskoa for å ta sin tredje strake seier på rad. På motsett banehalvdel hos vertane møter dei gamletrenaren, Arnt Erik Aspås Brakstad. Fjorårets spelande trenar hos blåtrøyene er i dag ruvande midtstoppar hos Tomrefjord.