Midsund hadde tapt dei tre innleiande kampane i Norway Cup, men i dag var det cup med vinn eller forsvinn. Då henta blåtrøyene fram både tæl og innsats. Etter ein spennande kamp i 64-delsfinalen i B-sluttspelet vann Midsund 2-1. No blir det 32-delsfinale mot Godøy/Giske frå Sunnmøre klokka 13.30 på Rustad, bane 5.