– Midsund hadde fint fortjent å vinne denne kampen utifrå banespel. Ein vill kamp med mykje dårleg forsvarsspel og lyskastarar. Midsund har heilt tydeleg mykje bra på gang, og det skal bli gøy å sjå kor høgt opp på tabellen dei endar i serien. Det seier Arnt Erik Aspås Brakstad, midtstoppar på Tomrefjord, og tidlegare spelande trenar for blåtrøyene.