Midsund G16 er seriemeister og vinnar av 2.divisjon, avdeling 2, i NFF Nordmøre og Romsdal denne sesongen. Laget vann ti av totalt tolv seriekampar. Siste seriekamp vart spelt måndag kveld, borte mot Molde 3. Midsund kunne reise heim med 1-11 på skåringstavla, tre poeng og som seriemeister i sin avdeling.