Midsund G16 ligg på 2. plass i 1. divisjon, avdeling 2, etter fire spelte kampar i vårsesongen. Måndag kveld vart det storseier på bortebane mot Gossen. Heile 0-6 vart resultatet på Riksfjord stadion. To kampar står att av vårsesongen, og kjem Midsund mellom dei tre beste i avdelinga, skal dei spele om KM i haustsesongen.