Laurdag 29. juli startar Norway Cup for Midsund G16. Då skal laget delta på opningshowet på Ekebergsletta. Første kamp i gruppespelet startar allereie søndag, då skal Midsund møte Charlottenlund Sportsklubb (Trondheim). Måndag spelar dei mot Eidsvåg IL (Bergen) og tysdag er siste kamp i gruppespelet mot Store Bergan IL (Sandefjord).