Midsund sine fotballgutar i 14-årsklassa vann klassa si i Hessa Cup 2022. Dette er Nordvestlandet sin største fotballcup for barn og unge, og vart arrangert denne helga. Sportsleg leiar og trenar for laget, Even Heggdal, trur det er første gong eit lag frå Midsund IL har vunne Hessa Cup.