Spelande trenar for Midsund sitt 4. divisjonslag for menn i fotball, Arnt Erik Aspås Brakstad, er klar for haustsesongen. Fredag klokka 19.00 er det avspark for første seriekamp i haustsesongen, motstandar er Åndalsnes, eit lag Midsund slo 2-3 på bortebane i første serierunde.