Midsund sitt A-lag skal møte divisjonskollega Vestnes Varfjell i 1. kvalifiserande runde til NM laurdag 18. mars klokka 17.00. Kampen er flytta til sjølvaste Aker stadion på grunn av snøforholda på Skeidvoll kunstgressbane. Treningskampane gir håp om siger og avansement til 2. kvalifiserande runde helga etter.