Midsund sitt A-lag får besøk av serieleiar Dahle til seriekamp i 4. divisjon i ettermiddag. Nordmøringane har ikkje avgitt poeng så langt denne sesongen, som det einaste laget i avdelinga. Midsund står med ein seier, ein uavgjort og to tap før møte med topplaget.