Midsund sitt A-lag får besøk av botnlaget Hjelset-Kleive på Midsund stadion i kveld. Det nyopprykka laget har fått ein tøff start i 4. divisjon, men vann sist serierunde 3-2 mot Åndalsnes. Midsund har vunne to på rad, og vann søndag 4-2 mot topplaget Dahle. Kampstart 19.00.