Midsund sitt A-lag tapte 1-3 heime mot Sunndal fredag kveld. Situasjonen som alle på stadion snakka om etter kampen skjedde om lag 20 minutt i 1. omgang. Dommaren gav spelande trenar hos Midsund først gult kort for ei tackling på ein Sunndal-spelar. Etter om lag fem minutt i tenkeboksen trekk han i staden opp det raude kortet.