Erlend Blø skåra to mål mot Malmefjorden fredag kveld. I tillegg skåra lagkaptein Emil Ovesen Sjøvik på eit vakkert langskot. Vertane på Malmefjord stadion reduserte to gonger, men blåtrøyene vann ein fortjent seier.