Som lokalavisa Midsundingen har skrive tidlegare, frå onsdag 16. august er det fire nye ferjesamband i Møre og Romsdal som blir gratis å reise med. Dette gjeld ikkje minst Solholmen-Mordalsvågen og Dryna-Brattvåg. I tillegg blir ferjetakstane reduserte på alle sambanda i fylket.