Det er framleis stor dugnadsånd i øysamfunnet Midsund. Det kan Midsund Idrettslag slå fast på fleire måter. Først med tanke på dugnadsarbeidet inne i hallen, men laurdag trådde mange fleire til med dugnadsarbeid for å rydde i Stormyra. Dette etter at lause gjenstandar frå bygginga av hallen fauk otover i den sterke vinden fredag.