I ferjesambandet Mordalsvågen-Solholmen ventar ein no på avløysingsferje etter at sambandet vart innstilt klokka 14.10 måndag ettermiddag. Vi veit ikkje når ei avløysingsferje vil vere på plass, seier Egil Kirkeslett, kaptein på bilferja Ivar Aasen, som trafikkerer det råka ferjesambandet.