Fredag 26. august var det ferjekaos på Brattvåg ferjekai. Det var svært mange som ville til Fjørtofta og Harøya for å få med seg opninga av Nordøyvegen dagen etter. Dette gjekk utover reisande til og frå Brattvåg-Dryna, der fleire avgangar vart innstilte for å prioritere gratissambandet til Nordøyane. Jesper Wiig, seksjonsleiar i FRAM – driftsseksjonen, svarar på kritikken.