Ekstremveret "Hans" vil bringe med seg veldig store mengder nedbør gjennom måndag og tysdag, og Molde kommune må vere førebudd på mellom anna jord- og flomskred. Ifølge MET (Meteorologisk institutt) vil veret kome frå aust og nok ein gong råke indre delar av kommunen i størst grad.