2021 var rekordår for Stikk UT! med meir enn 1,2 millionar registrerte turar. Økonomisk sett gjekk det hardt utover dei to friluftsråda som driv den populære turtrimmen. Hovudsponsor Sparebanken Møre doblar no innsatsen i Stikk UT! dei neste tre åra og oppfordrar også andre bedrifter i fylket til å vere med å støtte det som har vakse seg til å bli det største folkehelsetiltaket i Møre og Romsdal.