Etter andre inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal har alle søkarar med ungdomsrett no fått tilbod om skuleplass. Heile 91 prosent har fått tilbod om førsteønsket sitt. Det er litt fleire enn fjoråret.