Gjer deg klar for ei langhelg med jubileumsrevy på Bygdheim neste veke. Det blir framsyning torsdag 23. mars, fredag 24. mars og laurdag 25. mars. Tittelen på jubileumsrevyen er "Ikkje før å skryte, men…". 30-åringen er både sprek og høgst oppegåande.