I løpet av sist helg vart forsamlingshuset Bygdheim på Raknes utsett for hærverk. Baksida av bygget har blitt tagga ned av ord og teikningar. Dette skjer kort tid etter at det har blitt lagt ned svært mange dugnadstimar for å få forsamlingshuset frå 1919 tilbake i god stand.