Fylkesutvalet vedtok måndag at også sambandet Brattvåg-Fjørtofta-Harøya skal bli gratis frå 1. juli. Dermed blir til saman åtte ferjesamband i Møre og Romsdal gratis frå førstkomande fredag.