Årsmøtet vart gjennomført i møteromet i Cinderella Arena i midten av februar med godt oppmøte. Om lag 20 medlemmer deltok på årsmøtet, som godkjente eit årsrekneskap med gode tal for 2022. Styret sitt forslag til budsjett for 2023 er moderat, og vil bety eit bidrag til hallrekneskapen på om lag 150.000 kroner.