Det pågår denne veka ei aktivitetsveke i Midsund. Dette er eit gratistilbod for born mellom 6 og 15 år. Denne veka har gruppa frå 6 til 10 år tilgang til tilbodet, og i veke 33 vil ei gruppe med ungdom frå 11 til 15 år få tilbodet. Arrangøren JoinUs har plass til 30 deltakarar kvar veke, og begge vekene er fullteikna.