Programmet for fellesarrangementet på 17. mai i Midsund er klart. Det blir, tradisjonen tru, eit program med gudsteneste, folketog og program ute ved sjukeheimen. Årets 17. mai talar er Magne J. Krumsvik, redaktør i lokalavisa. Maritha Løken er programleiar. Etterpå er det fleire lokale arrangement i øysamfunnet.