Med fire og fem varmegrader, og haglbyger i enkelte deler av øysamfunnet, vart det ein kald, men fin 17. mai i Midsund. Gudsteneste i Otrøy kyrkje, folketog, folkefest og grendafest var nokre av ingrediensane på nasjonaldagen.